Best Western Plus Hotell Hordaheimen
Facebook Twitter Google Plus Youtube

Din mening er veldig viktig for oss

Undersøkelsen tar 5-7 minutter

Best Western Rewards-medlemmer får 250 poeng som takk for hjelpen

Bestill rum

Rom 1

OK
Min bestilling

303129

Komfortabel og triveleg overnatting i Bergen

Vi har tatt i mot fornøgde gjester sidan 1918, og er det eldste hotellet i Bergen.

Vi fornyer oss likevel stadig og i 2007 utvida vi hotellet med 33 nye superiorrom. I tillegg pussa vi opp kurs og konferanseavdelinga vår og opna ny lobbybar. Per januar 2014 var vi ferdige med totalrenovering av våre 55 eldste hotellrom, resepsjon og Kaffistova. Hotellet er då nyrenovert frå kjellar til tak. Vi har tatt historia vår inn i Kaffistova att, og vi har renovert med maling og interiør for å få Kaffistova til å vere meir som den var i si glanstid. Spanande gamle bilete, veggur og gamle bondemøblar å sjå på, medan du inntek ein herleg frukost og ein god kopp kaffi før dagen startar for fullt.
Treng du hotell og overnatting i Bergen, eller trenger ditt firma et kurs-og konferanserom midt i Bergen sentrum? Hordaheimen er plassen for deg!
Som gjest på Best Western kan du få rewardspoeng på kvar brukte krone om du bookar direkte til oss, poenga kan nyttast på frinetter over heile verda. Er du ikkje medlem, kan du verte det ved innsjekk.

   Vi plar seie her hjå oss: "Ein gjest er ikkje berre ein gjest, ein gjest er ein ven".
Ta kontakt med Ann Rita Hovden på epost: annrita@bergenshotels.no for firmaavtale og for å verte vår "ven".

Det finns ikkje
dårleg ver...

Bergen byr ikkje alltid på sol og blå himmel, men over skyene er himmelen alltid blå.
Dei beste prisane får du med å ta direkte kontakt med hotellet. Vi kan tilby fylgjande kampanjeprisar i April og mai ved ledig kapasitet:
* Enkeltrom       :  995,-
* Dobbeltrom    : 1195,-
* Triple rom       : 1345,-

Prisane gjeld på eit begrensa antal rom og inkluderer frukostbuffet og kun direkte til oss på 55335000 eller på epost : booking@hordaheimen.no.
Vi tilbyr no Best Breakfast by Tina, gode oppskrifter frå den svenske TV-kokken kjem i tillegg til den allereie gode frukosten til vår eigen kjendiskokk Kvammen.

Eit annleis hotell

På Hordaheimen som er 99 år i år sit historien tjukt i veggane. Vi er eit uformelt hotell der vi tek i mot både bymann og stril som gamle vennar og har sidan 1918 hatt det som mål å få folk til å kjenne seg heimen. Vi har i alle dei år hatt nynorsk som forretningsspråk og har det framleis.
Korridorane er utsmykka med herlege dikt, på nynorsk sjølvsagt.

Du tingar og vi stadfestar på nynorsk vis. Både før i tida og i dag er hotellet ofte nytta av nynorske forfattarar, noko vi tykkjer er stor stas. Hadde Ivar Aasen levd, hadde det vore liten tvil om kva som hadde vore hans HEIM i Bergen. Finn din heim i storbyen du og, vi ynskjer deg velkomen!

Påskeferie i byd`n

Vi er vel alle einige om at no er det nok vinter? Dropp påskefjellet og ta ein kortreist storbyferie til Bergen i stadenfor.  Her er det tilbod i fleng for både store og små. Likar du og ungane kultur, kan vi tilrå eit besøk på Kode og få inspirasjon av kunsten. Er du glad i natur eller fart og spenning kan vi nemnte, Fløien/Fløibanen, Akvariet, VilVite eller ta ein tur til Vannkanten, der du kan spele curling, stå på skøyter, bowle eller kose deg på badeland. I desse salstider er vel shopping og høgt oppe på lista når ein vitjar storbyen.
Enkeltrom : 800,-
Dobbeltrom : 895,-
Familierom : 1295,- for inntil 4 med frukost ved bestilling direkte til oss.

Dei beste sengene i byen?

Skal du overnatte i Bergen sentrum er Best Western PLUS Hotel Hordaheimen et godt val. Alle våre 88 hotellrom er utstyrte med dei  beste sengene på den norske marknaden, Svane Zenithsenger frå Ekornes. I tillegg er dei fleste hotellromma våre allergirom, og hotellet er  røykfritt. På mange måtar er eit av dei eldste hotella i byen óg eit av  dei nyaste. Som vår hotellgjest bur du midt i opplevingane Bergen har å  by på. Attraksjonar, shopping og uteliv er eit steinkast vekke. Det er  viktig å ta vel i mot folk som kjem reisande, og det er vi kjend for på Hotell Hordaheimen. Vi har lukkast i å lage ei heimsleg atmosfære for  ”folk flest”. Våre gjestar skal kjenne seg som heime, sjølv om dei er på reise. Ei overnatting på Hotell Hordaheimen i Bergen er det ikkje mykje som kan måle seg med! Prøv du også!

Utan mat og drikke, dug helten ikkje!

Kaffistova, der husmannskosten framleis finns. 

Grunna lite besøk i Kaffistova er det med tungt hjarta vi diverre må stenge vårt restauranttilbod.
Vi tilbyr no rom, frukost, kurs og konferansar.
Er du på utkikk etter ein stad for lukka lag over 20 personar, kan vi sjølvsagt framleis hjelpe deg. Vi har flotte lokaler til den slags arrangement og maten er framleis like god og sjølvsagt heimelaga.
Ta kontakt med Ann Rita Hovden ( annrita@bergenhotels.no) for tilbod på god heimelaga mat for deg og dine. 




Følg linken og LIK!!

 

Each Best Western® branded hotel is independently owned and operated. © 2002-2017 Best Western International, Inc. All rights reserved.
Vi bruker cookies for å gi deg en bedre brukeropplevelse